PreForm

PreForm AS er eit ideelt AS og vart etablert i 2014 – som eit resultat av Fjaler kommune sitt Bulystprosjekt med same namn. PreForm si oppgåve er å leggje til rette for kunstproduksjon og visning i Fjaler.

PreForm har og ansvar for drift av Samvirket. Samvirket er ein produksjonsstad for scenebasert kunst som teater, dans og musikk, og studiobasert kunst som lyddrama, lydkunst, musikk mm. PreForm skal vere ein aktiv pådrivar for å utvikle samarbeid på tvers av kunstdisiplinane, og organisasjonane vi samarbeider med. Samvirket er vårt viktigaste verktøy og vi arbeider for å utvikle huset med nødvendig produksjonsutstyr og leggje til rette for produksjon og arbeidsopphald.

Huset er også Teaterfestivalen i Fjaler sin faste base og vi har eit tett samarbeid gjennom året.

PreForm er finansiert av Vestland fylkeskommune og Kulturdirektoratet. Vi samarbeider også med Fjaler kommune, Kulturskulen, Nordisk Kunstnarsenter Dale, Jakob Sande Senter for forteljekunst, med fleire.

Produksjon på Samvirket?

Vi tek i mot prosjekt som treng studio/prøvelokale, eller vil vise/ferdigstille prosjekt for kortare og lengre periodar.

Fjaler har lang erfaring med å ta i mot kunstnarar for produksjon og arbeidsopphald. Vi som jobbar i PreForm er gjerne med i planlegginga av opphaldet for å sikre at alt ligg best mogeleg til rette. Huset har eit lavt prisnivå for kunst og kulturprodusentar og ingen faste opnings- og stengetider.

Arrangement på huset?

Den nystarta arrangøren Samvirket scene Fjaler planlegg arrangement i huset men vi har plass til fleire. Ta kontakt med oss om du vil ha eit arrangement i huset – så hjelper vi deg gjerne vidare.

Våre lokaler

På huset finn du scene- og studiorom med eit rikt utval teknisk utstyr.

Les meir om våre fasilitetar når det kjem til scene, lydstudio og lys.

Kontaktpersonar